22.07.11

Eg har få ord på dagar som dette. Forferdeleg og trist. 

Som ein AUF'ar sa til CNN:
"om én mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen"  ♥

"Ha ein fin dag!"

Å ha "allergiauger" når ein er på jobb er kjempekjekt!



På dagar med fint ver fyk pollen og grasdrit fint rundt i lufta.  Eg er ein av dei heldige som drar dei utrulege sexy fordelene av dette. Nysing, tett nås og sist, men ikkje minst, allergiauger. Eg får sjeldan så mange rare blikk på ein dag som når eg har gløymt Zyrtecen heima. Men det er jo ikkje rart folk stirrar når ein kjem til ei kassadama som ser omlag besatt ut. Have a nice day with a side of crazy, liksom...

Ha ein fin sumar (utan sol, men mykje pollen)!

Marie Antoinette hadde nesten rett..

Viss ein ikkje har brød et ein kaka, og viss ein ikkje har kaka et ein muffins.

Etter skulen på onsdag hadde eg eigentleg ikkje noko å gjera på så eg bestemte meg for å laga muffins. Eigentleg skulle eg laga dei akkurat då, men så kom eg på at eg skulle på trening og då utsette eg det litt. Etter trening kom eg på at eg skulle ta ein omveg heim slik at eg fekk trena litt meir, og derfor utsette eg det litt meir. Men då eg kom heim så sat eg i gang, etter eg hadde dusja og ete litt sjølvsagt.

Men så klokka fem over ni var eg i gang, men eg brukte så mykje tid på å bla i den flotte "500 muffins"-boka eg har her heime at tida gjekk veldig fort. Sia det var trekning av fag for munnleg eksamen dagen etter tok eg med eit par muffins på skulen, berre i tilfelle eg kom opp i historie. (Men det gjorde eg heldigvis ikkje)

Den der "500 muffins"-boka er ganske kjekk å lesa i. Det er så sinnsjukt mange muffins ein berre har lyst å hiva seg over med ein gong! Sjølv om ein omlag vert feit berre av å kikka på mange av muffinsane i boka, kan ho ha ein veldig slankande effekt. Etter ein har bladd og sikla seg i gjennom denne boka er ein nesten mett. Ganske praktisk-faktisk. Berre sjå:

 





Sia vakre Camilla hadde bursdag på laurdag (gratulera!) var me rett og slett nøydt til å feira skulebursdagen hennas på fredag. (forklaring for dei som ikkje veit kva skulebursdag er: fantastiske deg sjølv og/eller dei flotte venene dine lagar ei eller anna form av kaloririk bakstverk, helst med sjokoladesmak, tar det med på skulen og så et ein i lag rundt ein skulepult). Med tanke på at eg og Kjersti har feira skulebursdag sia me gjekk i femte klasse var det litt trist å tenkje på at dette var det siste skulebursdagen etter 13 års skulegong. Eg hugsar ein gong i 8. klasse då læraren også vart med og feira skulebursdag. Han gjekk til og med å handla inn brus og snop til oss. Me var jo berre ni stykk i klassen den gong då..

Men i alle fall, eg pynta muffinsane torsdags kveld og vart ganske nøgd med resultatet.


Er dei ikkje berre til å ete opp?

I tilegg til desse herlege muffinsane (ikkje cupcakes, muffins) hadde Camilla bakt ei ekstremt himmelsk Oreokaka. Me (eg, Kjersti, Paul John, Tonje, Camilla, Vilde, Ingrid, Sigvor) åt kanskje litt meir enn folk som skal konsentrera djupt og halda seg produktiv og fokusert resten av dagen burde. Eg gjekk i alle fall rundt med eit sjokko-sukkerkick resten av dagen og fekk nesten ikkje gjort noko. Eg sat ny personleg joggerekord då, men det kan kanskje ha noko med sukkeret å gjera?

Hei, sveis!

I dag har eg vore hos frisøren! Eg gjere aldri noko svært spanande når eg er der, men kjekt er det for det om. Ein vert så avslappa. Det er ingen som sitt i ein frisørstol og bekymrar seg! Ein tenkjer berre på fine ting, les gamle blad og lagar merkelege grimasar til spegelen framfor seg. Eller, det er i alle fall det eg gjer..

Mens eg sat der i stolen med farge i håret i dag fekk eg bla litt i ei av desse bøkene med sånne sinnsjuke hårfrisyrar som krevjer at ein er ein stylingmorgonfugl med tidsmaskin. Ei sånn bok med slike sveisar som eg drøymer om som regel. Det er ikkje så veldig lett å satse på ein oppklyppa lekker sveis når ein veit at det kjem til å krølla seg som ein sopp berre det kjem eit lite vindkast. Men i alle fall, på ei av desse sidene var det eit bilete av eit krøllehovud med akkurat like krøller som eg får når håret mitt tek av. Så derfor viste eg det til frisøren min og spøkte med "ein sånn sveis trur eg at eg går for i dag". Og det skulle eg ikkje sagt.. for eit mas! Det var rett før ho klarte å overtala meg til å klyppa det skamkort! (tru meg: been there, done that eller "been there, mother did that". Traumatisk tvangsklipp rett før sjuårsdagen min. Pluss på eit lekkert antrekk eg fekk av besto mi (beige genser med diskovest) og ein får dei styggaste bursdagsbileta eg nokon gong har sett .) Men i alle fall klippen var litt i kortaste laget, og... ein måtte barbera halve hovudet! Og det verste var at eg satt og vurderte det seriøst! Det var jo drittøft! Og eg skulle få det gratis viss eg gjorde det! Så derfor....


Neidå!
Men de kan få sjå eit bilete av den skeptiske draumesveisen! 
(eg har dessverre ikkje attityden ein treng for å bere ein slik sveis.. eg er litt meir "blomar og eg-ynskjer-meg-fred-på-jord" enn "naglar og eg-har-fin-motorsykkel.)
Og så fann eg ut at det kom til å trekka på det eina øyra når eg er ute og joggar og det er ikkje noko kjekt.

Så derfor vart det blomar og fred på jord kombinert med ein pannelugg i dag og. Eg skulle eigentleg ha litt lysare farge på håret, men me prøvde ein ny fargetype og den var visst ikkje med på leiken. Derfor ser eg slik ut no:

  



Eg er eigentleg ganske nøgd. I dag i alle fall, men me får sjå i morgo når frisørmagien har gnidd seg av. Merkeleg fenomen det der.. Superfint hår heilt til ein får ansvar for det sjølv! 

Gravitation is not responsible for people falling in love

 
 
 
(Foto: meelskardet)

Bootcamptorsdag, slaskefredag, summarlaurdag og solsundag

Det er eigentleg ganske deileg med langhelg. Når ein har fri på frå torsdag til søndag kan ein først lata som ein har helg og så kjem det ei helg til. Onsdagsfredag-torsdagslaurdag-fredagssundag-laurdag-sundag.

Torsdag var den store treningsdagen. Sjølv om det var fri frå skulen måtte eg reisa ned til Odda igjen for å framføra bosuprogrammet mitt. På vegen dit plukka eg opp Camilla, og i Odda møtte me Paul John. Framføringa gjekk omlag som smurt og etterpå hadde eg og Camilla ei kjempetreningsøkt som kjentes godt i armar og bein resten av dagen. På veg heim frå Odda drakk me vitaminvatn og åt bittelitt smågodt. Eg åt rosa fiskar og ho åt fargerike firkantar. Seinare på kvelden gjekk eg og Kjersti ein tur og snakka om litt av kvart.


Meg og Camilla som trene..  høhø, neidå, men det såg litt kjekt ut! (Foto: illustrasjon)

Fredag var den store slaskedagen. Eg vakna opp med gangsperr i armar, bein og eit ymse utval andre musklar. Eg "rydda" litt rundt om i huset, men gav fort opp og fann noko anna å gjer i staden. Lite produktivt gjort den dagen, men seinare hoppa eg avgarde mot jobb med oppbretta buksa og sumarmusikk på øyra. På kvelden såg eg og Kjersti "Footloose" og åt frukt og popcorn. Ei ganske god avslutting på ein slaskedag, syns eg. Det er jo ingen som ikkje vert i godt humør av "Footloose". Spesielt alle skoa som dansar i byrjinga syns eg er hysteriske, og sjølvsagt då Willard skal læra å dansa - hohoho.

 
(Foto: imdb.com)

Laurdag morgon vakna eg av at sola skein på meg og fuglane kvittra så fint utanfor glaset. Klokka var berre åtte på morgonen og er var vaken. Så tenkte eg litt og "Hey, vent litt... kvifor er eg vaken no?".  AaHA! Eg skal jo sjølvsagt på jobb. Å jobba frå 9-18 er det beste eg veit... eller ikkje. Eg likar jobben min, men ikkje 9-18 - det er jo heile tida sola er oppe det! Det er jo litt sol etter kl. 18 då, så etter jobb og middagsmat fann eg fram joggeskoa og la ut på eit liten tur favorittplassen min i heile verda, Tveitlia. Tveitlia er ubeskrivleg. I Tveitlia finn ein tunge bakkar i idylliske omgjevnader og det er berre kos å slita seg opp bakkane. Men det var fort sprekkar i idyllen i dag då eg etter berre to bakkar fekk auga på ei geit, og lika bak sto resten av bøllene. Og det er ikkje sånne søte geiter, det er sånne skummle, svarte, menneskeetande, har-ikkje-fått-mat-sia-1962 geiter som ser på meg stygt. Og desse geitene hadde tydlegvis ingen planar om å flytta seg, så eg fekk berre flytta på dei. (skrekk!) Så då tenkte eg  "ikkje pokker om desse stabeista skal få øydlegga turen min. Mann deg opp og spring forbi! Kom igjen!"

Derfor tok eg eit bestemt steg nærmare.
- Og alle geitene snudde på hovudet og såg på meg.
Eg tok endå eit steg
- Og alle geitene gjekk nærmare kvarandre.
Eg tok eit kjempesteg og skulle til å springa forbi.
- Og då satt ALLE geitene på sprang MOT meg!!!


Då snudde eg nåsa heim og spurta ned bakkane på omlag eit nanosekund.
Teite geiter! Ein dag, ein dag.. skal eg ha lært meg Geit-Kwon-Do og jaga dei heim!
Resten av kvelden skulle eg liksom sjå film, men eg sovna på tastaturet på pcen min så det vart tidleg kveld heller.

Slenger inn eit sumarbilete så de ikkje skal keie dykk for mykje. (Foto: Privat)

Sundag var den store soldagen! Og solbrentdagen. Eg lærer aldri. Kvart år så må eg bli skamsolbrent ein gong før eg kjem på at "ja, ein må ha på solkrem sjølv om det ikkje er såå mykje sol" og "ja, det er ganske vondt å vera solbrent på skuldrene". Eg var kanskje ikkje på mitt smartaste då eg la ut på ein 7km lang tur i steikande sol uten solkrem, men eg betaler prisen no. (Auch). Etter turen satt eg meg på verandaen heime med iPoden min og ei billeg halvdårleg pocketbok eg kjøpte på flyplassen i England i fjor. Å lesa dårlege pocketbøker gjennom solbrilleglas er ein av favorittinga mine å gjera om sumaren. Seinare på kvelden skulle eg liksom sjå resten av filmen frå igår, men eg sovna igjen. Eg trur kanskje det var noko med filmen...

Det var den langhelga, og no er det berre 9 dagar til eg kan vinka hade bra til Odda VGS.  Kjekt!

Summar!

Endeleg! Ein solskinsdag! Og eg har fri!
Ut på tur, aldri sur!

Sia sist - ei lita bittelita oppdatering

Ja.. No er det jo berre sånn cirka to månader sia eg sist blogga skikkeleg, så dette vert litt av ei oppsummering. Det er ikkje det at eg trur eg har så utruleg mange lesarar som bryr seg så utruleg, men eg syns tanken på at eg faktisk har alle tre åra mine med vidaregåande skule oppsummert her inne, er ein fin ein. Derfor er eg nøydt til å skrive om dei siste månadane og, elles vert det jo eit ufullført "prosjekt". 
Derfor: kva har eg gjort sia den 11. april?

Russekro! 16. april, rett før påskeferien hadde russekullet si siste russekro. Temaet var "kva er du ikkje om 7 år" og sia eg ikkje hadde allverdas tid til å finna kostyme slang eg på ei stripete t-skjorta og eit B-gjengen fangenummer. Eg håper i alle fall ikkje at eg er innsett eller på rømmen om sju år..

 
(Eit bilete som eg har sniklånt av vakre Camilla)

Etter russekro var det fullt køyr med påskeferie, påskejobbing på coop, påskeeggeting og påskeøl. Det var vel meir jobb enn øl, men laurdag var det full rulle med 80s party og nokre svært danseklare jenter og to kanskje ikkje like danseklare gutar. På vorspielet tok me oss eit slag Yatzy, noko som viste seg å vera veldig kjekt, og så er det jo nokon som riv seg veldig lett med då..

 
Ragnhild og Kjersti

 

 
Oooh, så travel då liksom, Tonje...    Paul John er i godt humør som vanleg



 
Sigvor og dei svimlande Yatzy-resultata

Veka etter påskeferien var smellfull av prøvar, innleveringar og andre herlegdomar, men så kom endeleg russetida. Fredag 29. april var det russekickoff og faktisk bursdagen min. Heile helga var ei stor oppleving frå start til slutt. Fredag var fylt med bursdagsfrukost i ein rundkøyring, forfriskande bad, russedåp, fest utanfor skulen, russebilråning, knutar og mykje anna. Eg avslutta kvelden heima i Røldal igjen etter ein lang/trøttande busstur og eit lite besøk på freeride-festen. Laurdag var det ut igjen og eg fekk jaggu med meg både Odda og Røldal denne kvelden og. I seng igjen klokka åtte på morgonen og vart brått vekt opp att av 1. mai-salutten som dundra vegg i mellom alt for tidleg.

     

Etter denne helga var det sjølvsagt skule igjen kombinert med russetid, jobb og alt anna som dukka opp. Vekene gjekk fort, og dessverre vart eg sjuk midt i det heila. Eg rekner meg sjølv som ein halvpassiv russ, i alle fall i sjølve russetida... Eg var ikkje ute så mykje meir enn eg vanlegvis er og var vel ikkje heilt gira på å ta alle 100 russeknutane, men kjekt hadde eg det. Eg kan stolt skryta av å ha hatt ein heil pakke Hubbabubba i munnen i 10 min og å eta 6 kinderegg + å bygga leikene på 5 min. Hubbabubba-knuten var nok den som overraska meg mest ettersom eg ikkje likar tyggis og ikkje har tyggd ein sia eg var 10 år. Det var ei svært morosam, men ekkel oppleving.
Siste helga før 17. mai var vesle systera mi konfirmert og ho var den nydelegaste konfirmanten eg nokon gong har sett. Det var ganske kjekt å sjå mykje av familien igjen, spesielt dei eg ikkje har sett på lenge. Det var ganske kjekt å kunne eta spekemat og kaka kvar dag i to veker etterpå òg...

Etter denne helga braka det laus med 16. mai feiring og 17. mai feiring. Det var ganske løyje å kunna sykla 17.mai toget i år, i staden for å gå. High five for russesykkel!


Kjersti, meg og syklane våre (På hjul med Dag Otto og Miljøkvoten)
Bilete er henta frå HF

Etter 17. mai var det mange superslappe dagar på skulen der omlag heile tredje klasse var å finne sovande på samtlege møbler og vassrette flatar. Heime måtte eg klemme inn litt eksamenslesing og sia eg allereie var sjuk var vel dette med manglande motivasjon. Heldigvis forlot samtlege familiemedlem meg helga før eksamen for å vitje besten min på sjukehuset, og eg fekk då høve til å lese og sjå film heilt uforstyrra. 25. mai hadde eg min første eksamen. Det var politikk og menneskerettar og den gjekk rett til helvette. Dagen etter hadde eg eksamen i norsk hovudmål og den gjekk litt betre.

Denne veka har eg for det mesta jobba med det vesle bosuprogrammet mitt og litt siste innleveringar. Trur programmet blir ganske bra når det vert ferdig, viss eg berre skjerpe meg litt. Eg er så ukonsentrert at eg fell, hoppe eller sprette av heila tida.. "LOL".  I dag har eg hatt eksamen i norsk sidemål og det gjekk litt OK. Eg er aldri nøgd når eg skal avslutta ein stil, men det gjekk greitt trur eg. Etter eksamen stakk eg og Paul John ned på treningssenteret ein tur og øvde litt meir på programma våre, og eg skal ikkje leggje skjul på at tre veker med sjukdom og lite trening har satt sine spor. Puh, slitsamt! Eg var i alle fall daudtrøytt då eg satt meg i bilen og trudde eg skulle køyra heim, men neeeidå. Eg skulle eigentleg berre plukka opp mamma, handla middag og køyra beint heim. Men det tok vel over 45 minutt før ho fekk sutla seg ut og nesten lika lang tid å handla.

Men no sitte eg i alle fall her i stova heim og filosoferer litt. Eg har tatt langhelg og syns det er svært flott.  Eg synest også det er litt merkeleg å tenke på at etter denne helga er det berre to veker igjen av VGS. Merkeleg... 

Svhips, det var nesten to månadar oppsummert det.. Mehehe, to månadar til neste gong då liksom!

Sansen for Sansen

 (Fin Involve Yourself-versjon)

 (Vanleg versjon)

Du krysser beina og lener deg framover
Du sitter stille og ser folket svinge
Eg ser du har sansen for meg.

Du møter blikket, men ser straks vekk igjen
Eg holder blikket, vil fange glimtet
Eg ser du har sansen for meg.
 
...
Du fukter munnen, og lener deg framover
Eg opnar munnen, hør? hjertet svinge
Eg tror eg har sansen for deg.
Ser du har sansen for meg.
Tror eg har sansen for deg.

Hurra for heildagsprøve i politikk og menneskerettar i morgon!

Ah, hovudet mitt vil ikkje ta til seg ny/gamal kunnskap. Eg har ein veldig motstandsdyktig hjerne som forkastar kunnskap. Då eg i tilegg har eit brutalt søvnunderskot, og byrjar no å bli ganske sur og irriterande for dei rundt meg. Stakkar mamma! Orsak, men eg får heller gjere opp for dette neste veke med å smile heile dagen.

Så no skal eg gå inn i ein kjempe"cram session" her og eg har til og med gått så drastisk til verks at eg har inntatt ein BURN. Eg har eigentleg ikkje så veldig trua på slike energidrikkar, men eg håper at ei slags fantomeffekt skal slå inn.. ganske snart, forhåpentlegvis. 

Les mer i arkivet » Juli 2011 » Juni 2011 » Mai 2011
hits